Djupdykk om Édouard Louis (UTSELD)

Med Kjerstin Aukrust og Sandra Lillebø
NB: Édouard Louis har meldt avbod til Litteraturhuset i Bergen. Som erstatning for Louis har vi fått med oss forfattar og Louis-ekspert Sandra Lillebø som saman med Kjerstin Aukrust vil samtale om forfattarskapen til Louis og plassen hans i fransk samtidslitteratur. Det blir altså ikkje noko «Djupdykk med Édouard Louis», men eit «Djupdykk om Édouard Louis». Alle som har kjøpt billettar skal ha fått tilbod om refusjon på e-post.
Frå debuten En finir avec Eddy Bellegeule (Farvel til Eddy Bellegeule) som kom i 2014 har den franske forfattaren Édouard Louis skildra levekåra for delar av arbeidarklassen og utfordra middelklassens blindsoner. I bøkene Voldens historie (2016), Hvem drepte faren min (2018), Forandre seg. Metode (2022) og Monique flykter (2025) har han halde fram med å skildre si eiga klassereise gjennom historier frå ein oppvekst, frå ein familie, frå ei studietid og eit etterkvart etablert vaksenliv i eit akademisk, øvre middelklassesjikt i Paris.
Eit av dei tematiske spora og spørsmåla som bind bøkene til Louis saman er: Korleis motverkar ein fattigdom, vald og undertrykking om ein ikkje veit at dette er kvardagen for mange? No er Louis aktuell på norsk med si sjuande og siste bok om familien sin, L’effrondement (på norsk Kollaps). Her fortel han om broren som brukte store delar av livet på å drøyme seg vekk frå den fattige arbeidarklassen. Han førestilte seg ei verd der han ville bli ein verdskjend handverkar, at han kom til å reise rundt om i verda, og tene pengar. «Broren min var ikke et godt menneske, og likevel vil jeg prøve å forstå ham. Jeg vil forstå hvorfor han ble til det vesenet som han ble,» skriv Louis i Kollaps.
Møt Louis i samtale med førsteamanuensis i fransk litteratur og områdestudier ved UiO Kjerstin Aukrust om brorens livshistorie, om brutale oppvekstvilkår, om klasseskilje og «franske tilstander» – og om sjølvbiografiens moglegheit og fallgrav.
Conversation littéraire avec Édouard Louis: Depuis ses débuts, l’écrivain français Édouard Louis dépeint les conditions de vie de certain parties de la classe ouvrière. Rencontrez l’auteur en conversation avec Kjerstin Aukrust à propos de son dernier livre, L’effondrement, dans lequel il raconte la vie de son frère. L’etretien se déroulera en français, avec traduction simultanée en norvegién. Une retransmission vidéo sera également diffusée de l’Auditorium à Alver.
220/150,–
Foto: Jean-François Robert / modds og Herman Ellegård/ Aschehoug