Litterær samtale med Bergsveinn Birgisson

Tirs.

21

.

10

18:00

19:00

Amalie Alver

Bli med
Kjøp billett
Billetter i døren
Gratis

Med Bergsveinn Birgisson og Erlend O. Nødtvedt

​Ein kulturvitar kjem heim til Island etter eit lengre studieopphald i utlandet. Med seg har han si engelske kone, dottera, og ei stadig sterkare kjensle av at moderne tankegods har køyrt det karrige øylandet i grøfta. På arbeidskontoret er det berre sarkasmar og medlidande blikk å hente, men kulturvitaren får seg etter kvart jobb som manusforfattar for Islands Bondelag, som skal lage ein opplysningsfilm om den fabelaktige islandske kua, og trusselen frå importert Norsk raudt fe (NRF). Gradvis går det opp for den ambisiøse kulturvitaren at kua sin status speglar menneskekulturen gjennom alle tider. Kua er sjølve nøkkelen til ei ny forståing av menneska og kulturutviklinga!

Møt den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson (f. 1971) i samtale med forfattar Erlend O. Nødtvedt om Birgissons aktuelle roman på norsk, omsett av Margunn Rauset, Handbok om mentaliteten til kyr. Boka som har undertittel «Ein lærdomsroman», kom første gong ut på Island i 2009 og er skriven rett i forkant av den økonomiske kollapsen i 2008.

Birgisson har tidlegare gitt ut tre romanar på forlaget Pelikanen. For Svar på brev frå Helga (2012) blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris, medan Soga om vêret (2014) blei nominert til Den islandske litteraturprisen. I 2016 kom Soga om Geirmund Heljarskinn som er ein nyskriven saga.

130/60,– (stud./honnør).  

Arrangør:
Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Pelikanen
Alder:
Litthus i ditthus

Samtale med Leander Djønne + filmvising og fest

Olav H. Hauge

Tors.

23

.

10

19:00

20:00

Bli med
Kjøp billett
Samtale med Leander Djønne og Silja Leifsdottir på Litteraturhuset, etterfulgt av filmvisning og fest på litteraturbåten EPOS

Litterær samtale med Nina Lykke

Olav H. Hauge

Ons.

29

.

10

19:00

20:00

Bli med
Kjøp billett
Nina Lykke og Marit Eikemo i samtale om døde foreldre, om samtaleterapi og om ei tidsånd som ein kjenner seg framand overfor.

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.