Ukraina på Litteraturhuset

Vi har invitert ukrainske forfattarar, frivillige organisasjonar og akademikarar med særskilt kompetanse på Ukraina

Det er no meir enn 4 år sidan Russland gjekk til fullskalainvasjon av Ukrania. Ingenting tilseier at det blir slutta fred med det første. Kyiv, hovudstaden i Ukrainia, har dei siste vekene vore utsett for omfattande droneåtak der flyalarmen somme dagar har har gått opptil tolv gonger. Og Ukraina går ein svært vanskeleg haust og vinter i møte.

«Ukraina på Litteraturhuset» er ein serie denne hausten som gir eit særskilt innblikk i ukrainsk historie og litteratur samt situasjonen i dagens krigsramma Ukraina. Vi har invitert ukrainske forfattarar, akademikarar med særskilt kompetanse på Ukraina og frivillige organisasjonar som gir humanitær hjelp og jobbar med å støtte Ukraina i kampen mot Russlands invasjon av landet. Serien er støtta av Direktoratet for høyere utdanningog kompetanse (HK-dir) sitt Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP).

Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen, er ein nær samarbeidspartnar i programmet om Ukraina på Litteraturhuset i haust. Lunde har inngåande kunnskap om ukrainsk historie, kultur, litteratur og språk. Ho opnar haustens serie om Ukraina med eit foredrag torsdag 3. september, om den ukrainske halvøya Kryms historie.

Forfattarane Oleksandr Mykhed og Andrij Ljubka som begge tener i Dei ukrainske styrkane, har takka ja til å komme til Litteraturhuset i Bergen. Vi får også besøk av den ukrainske forfattaren Sofija Andrukhovytsj som har skrive storverket Amadoka, ein roman som kombinerer familiehistorie med Ukrainas historie på 1900 talet og fram til byrjinga av Russlands krig i Aust-Ukraina i 2014.

Øystein Bogen er i haust aktuell med boka Fritt Ukraina. Norske frivilliges kamp for Europas fremtid. Han kjem til Litteraturhuset i september og vil saman med generalsekretær i Fritt Ukraina Natalia Golis og leiar i Ukrainian Freedom Convoys Ole Kvåle belyse dei mange frivillige organisasjonane og menneska som har engasjert seg i kampen for eit fritt og fredeleg Ukraina. Han held også eit foredrag i Litteraturhusets serie Formiddagsmat. I oktober får vi besøk av professor ved Universitetet i Cambridge Rory Finnin som skal samtale med Lunde om Krym, Ukraina og solidaritet gjennom litteratur.

Kom på Litteraturhuset i Bergen for kunnskap og innsikt.

Torsdag 3. september: Den ukrainske halvøya Kryms historie med Ingunn Lunde

Torsdag 10. september: Formiddagsmat: Øystein Bogen om Fritt Ukraina

Tysdag 15. september: Dei frivillige sitt arbeid for eit fritt Ukraina

Tysdag 13. oktober: Ukrainsk samtidslitteratur med Oleksandr Mykhed

Fredag 23. oktober: Ukrainsk samtidslitteratur med Sofija Andrukhovytsj

Måndag 26. oktober: Solidaritet gjennom litteratur – Krym og Ukraina med Rory Finnin

Innspill til leselyststrategi for voksne

Daglig leder Hjørdis Losnedahls innspill til en leselyststrategi for voksne
Les mer

Årsrapport 2025

Årsrapporten for 2025 er her! Bli bedre kjent med vårt formål, våre mål og utfordringer. Ikke minst kan du lese om alt vi oppnådde i året som var og hva vi ser frem til i tiden som kommer.
Les mer

Lillelørdag – Litteraturhusets litteraturkafé og barneprogram

Barneprogrammet for sensommeren og starten av høsten!
Les mer

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.