Nytt haustprogram på Litteraturhuset i Bergen!

Haustens program lar både store forfattarstjerner, klassikarar og underskogen av forfattarar i bokhausten skinne.

Verdt å få med seg er til dømes franske Édouard Louis, Litteraturavisa BLA på besøk i Bergen og foredrag om Thomas Mann.

Då Jon Fosse blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 2023, var det mange som hevda at norsk litteratur no er inne i ein ny gullalder. Stemmer det? Og kva er dei store litteraturstjernene avhengige av for å skinne klart, og kva mistar vi om vi gløymer underskogen av mindre glamorøse forfattarar? Det er nokre av spørsmåla litteraturavisa BLA stiller når dei tar turen til Bergen i august, for – i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Norsk Forfattersentrum Vestlandet – å sparke bokhausten i gang.

Frå Édouard Louis til jakt på sunnmøringen

På Litteraturhuset i Bergen har vi eit tvisyn i god Aasmund Olavsson Vinje-ånd på kven som er glamorøse og kven som eventuelt ikkje er det. Det vi same kva er heilt sikre på, er at vi er særdeles glade for å ha alt frå den franske stjerneforfattaren Édouard Louis til serien Jakten på vestlendingen, denne gongen jakten på sunnmøringen med Runar Gudnason og Gunnhild Øyehaug, på haustprogrammet vårt. Nina Lykke, Agnes Ravatn og Leander Djønne dukkar også opp på scenen på Litteraturhuset i Bergen, og i Symposium vil Øyvind Strømmen og Gisle Selnes diskutere fascisme og ytre høgre i den etablerte politikken i Europa, eit arrangement som vi gjer i samarbeid med Salong – nettidsskrift for filosofi og idéhistorie.

Talrikt samarbeid

Litteraturhuset i Bergen programmerer nettopp i samarbeidets ånd, med Litteraturavisa BLA og Norsk Forfattersentrum Vestlandet, med Litteraturbåten EPOS, Bergen Assembly og Kunsthallen, med BIFF, Bergen Offentlige Bibliotek, med Fortellingens kraft i tillegg til det tette samarbeidet vi har med både Universitetet i Bergen og Skrivekunstakademiet. Blant mange andre. 19.-22. september blir det til dømes tangofestival fire dagar til ende, i samarbeid med CANTA.

Og eit mangfald av seriar

I tillegg har vi alle dei påtakeleg gode seriane våre: Discodrøv med Joakim Randa Berthelsen som får besøk av Charlie Skien, opplesingsserien Sa Ka La der Mats Tønjum Alfsen inviterer fire forfatterspirer til å lese egne tekster sammen med ein etablert forfattar, Lyrikksalong, Klassikaren og Vi hører sammen. I Teaterkritisk Trio blir det ordskifte om framsyninga Politi! 2, og i serien  Forbrytelse, straff, soning og tilgivelse får Chris Tvedt besøk av Simen Sætre som er aktuell med boka Gåten Arnfinn Nesset. I vår faste barnearrangementsserie Lillelørdag blir det både All verdens eventyr, bokmakarverkstad, og vi markerer breens år med ei eventyrleg reise tilbake til istida.

Velkommen i august!

Nytt på programmet i haust er «Formiddagsmat», ein serie der vi lærer noko om det vi ikkje visste vi lurte på – og der ein kopp traktekaffe, eventuelt også eplekake, er med i prisen! Sjå heile programmet, der finn de også alt vi har gløymt å nemne her. OG: Velkommen til Litteraturhuset i Bergen når vi er i gang igjen i august!

Kritisk! Dramatisk!

Velkommen til Teaterkritisk trio!
Les mer

Dag Solstad

Med sjenanse og verdigheit
Les mer

Vi hører sammen

Ny serie på Litteraturhuset!
Les mer

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.