Strømninger i litteraturen: Årets litteraturkritikar
Med Margunn Vikingstad, Frode Helmich Pedersen og Erik Bjerck Hagen.
Frode Helmich Pedersen er kåra til Årets litteraturkritikar. «Evna til å skjere gjennom og formulere smaksdommar på ein måte som ikkje lèt seg misforstå, er ein av denne temperamentsfulle og humørfylte kritikarens fremste eigenskapar», skriv mellom anna juryen. Pedersen kjem til Strøminger i litteraturen for å snakke om litteraturen og kritikkens gleder og kriser. Professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen Erik Bjerck Hagen kjem òg, for å hylle – og kanskje òg kritisere kåringa av Årets litteraturkritikar – samt debattere dei andre tildelingane av litteraturkritikarprisane. Kritikar i Morgenbladet Margunn Vikingstad er meddebattant og styrer ordet.
Strømninger i litteraturen er Litteraturhusets faste programpost om aktuelle tema i litteraturen og i det offentlege ordskiftet om litteratur. Med eit lite nikk til den danske litteraturkritikaren og litteraturforskaren Georg Brandes’ (1842-1927) krav om engasjement til forfattaren og litteraturen, set vi aktuelle problem under debatt.