Seksualitetens problematiske historie
Professor i litteraturvitskap ved NTNU Knut Ove Eliassen foreleser om Foucaults syn på seksualitetens historie.
Er det slik at vi blir meir og meir seksuelt frigjorte? Ikkje på nokon måte, hevdar den franske filosofen Foucault. Ved å sjå nærare på korleis seksualitetens historie heng saman med ei rekke politiske, økonomiske og sosiale krefter viser han at vår tids frigjering berre vidarefører 1800-tallets måte å forhalde seg til seksualitet på.
Pax forlag gir denne hausten ut Foucaults sentrale verk Seksualitetens historie i nyomsetjing. Med utgangspunkt i verkets fjerde og siste band vil professor i litteraturvitskap ved NTNU Knut Ove Eliassen førelese over Foucaults syn på seksualitetens historie.