Salong: Den komplekse hjernen
Hva er vanlig og uvanlig hjerneaktivitet, forestillinger og fakta om denne fascinerende delen av oss?
Hjernen sluttar aldri å interessere og fascinere oss. Kva er vanleg og uvanleg hjerneaktivitet, førestillingar og fakta om denne fengslande delen av oss? Er den i stadig utvikling eller ferdig forma, er nokre funksjonar betre eigna til bevisst styring (overstyring) enn andre? Og korleis går ein fram for å få kunnskap om korleis hjernen verkar?
Professor i biologisk psykologi Kenneth Hugdahl ved Universitetet i Bergen er av dei fremste på sitt felt. Han har mellom anna forska på høyrseslhallusinasjonar og språkleg relaterte problem. Kva har denne kunnskapen å seie for psykologisk behandling og for folk flest? Psykolog Anne-Beth Grøndahl snakker med Hugdahl om den gåtefulle hjernen vår.