Klassikaren: Marcel Proust
Om tidens gang hos Marcel Prousts «På sporet av den tapte tid».
I denne klassikarserien tar vi for oss eit verk i verdenslitteraturen som allereie har sin plass i kanon, eller som bør få status som klassikar. Vi inviterer akademikarar, forfattarar, kritikarar og omsetjarar til å velje sin klassikar til samtale eller til å halde føredrag i god formidlings- og opplysningsånd. I kveld samtaler forfattar Jonny Halberg, førstelektor i allmenn litteraturvitskap ved UiB Synne Ytre Arne, stipendiat ved institutt for framandspråk ved UiB Gunn Inger Sture, og professor i litteraturvitskap ved UiB Anne Beate Maurseth om ein forfattar og eit verk som har hatt uvanleg stor påverkand på seinare romandikting, nemleg franske Marcel Proust (1871–1922) og hans romansyklus På sporet av den tapte tid.