Noreg i ei ny tid: Kva skjer med verda – og kva betyr det for Noreg?

Med Iver B. Neumann, Eystein Jansen, Ståle Ulriksen, Lise Rakner og Ole Rasmus Øvretveit
– «Vi har sidan andre verdskrigen hatt den såkalla liberale verdsordenen. No er han under avvikling. Det er dårleg for Noreg», seier Iver B. Neumann i samband med lanseringa av boka Hva skjer med verden? Norge mellom stormaktene.
Vi er i ei ny tid. Den liberale verdsordenen er i ferd med å bli erstatta av ei tid der maktpolitikk i aukande grad rår. Der vi inntil nyleg såg til USA som ein garantist for eit regelbasert internasjonalt system, ser vi no det som kanskje er det største trugsmålet mot det same systemet. Russland, vår nabo i aust som vi deler store havområde med, er ei aggressiv krigsmakt. Samstundes dominerer det autoritære Kina stadig større delar av global økonomi og teknologi. Europa står i eit strategisk vegskilje.
I det første arrangementet i samtaleserien «Noreg i ei ny tid» tek professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og direktør ved Fridtjof Nansens Institutt, Iver B. Neumann utgangspunkt i si nye bok og gir eit overordna blikk på dei store geopolitiske endringane som formar samtida. Kva skjer når det regelbaserte systemet blir svekka? Kva rolle kan og bør Europa spele? Og kva handlingsrom har Noreg i ei ny geopolitisk tid?
Etter innleiinga følgjer ein panelsamtale med inviterte ekspertar, før det blir opna for spørsmål frå salen. I panelet deltek statsvitar Ståle Ulriksen frå FHS/Sjøkrigsskolen og professor i statsvitskap ved Institutt for politikk og forvaltning ved UiB, Lise Rakner. Professor Eystein Jansen, visedirektør i Det europeiske forskingsrådet og nyleg avgått akademisk direktør for Academia Europaea Bergen Hub vil halde opningsinnlegg.
Samtalen blir leia av statsvitar Ole Rasmus Øvretveit som er tilknytt Academia Europaea Bergen Hub.
«Noreg i ei ny tid» er ein ny debattserie i regi av Academia Europaea Bergen Hub, og skal vere ein fast arena for samtale om dei store endringane som vil påverke Noregs tryggleik, autonomi og samfunn i tiåra som kjem.
Velkommen til ein kveld om verda i endring – og Noreg si rolle i dette.
150,–/120,–
Gratis inngang for studentar ved framvising av studentkort.
Foto: Bård Gudim/FNI og Pax forlag

