Noreg i ei ny tid: Ein song for mjukdiplomatiet?

Ons.

10

.

06

18:00

19:30

Olav H. Hauge

Bli med
Kjøp billett
Billetter i døren
Gratis

Med Kai Eide, Tor Ivar Strømmen, Siri Gloppen og Ole Rasmus Øvretveit

​Kva rolle har diplomati i ei tid prega av krig, stormaktsrivalisering og aukande bruk av hard makt?

Verda er i rask endring. Konfliktnivået aukar, internasjonale institusjonar blir utfordra, og tilliten mellom statar er under press. Samstundes er behovet for dialog, forhandling og langsiktige løysingar større enn på lenge.

Til denne samtalen kjem Kai Eide, ein av Noregs mest erfarne diplomatar. Han har hatt sentrale roller i norsk utanrikspolitikk gjennom fleire tiår, mellom anna som norsk ambassadør, FN‑utsending og representant i NATO. Gjennom arbeidet sitt har han stått tett på både fredsprosessar og internasjonale maktspel. No er Eide aktuell med boka Vilje til fred - diplomati i en krisetid.

Med dette som bakteppe spør vi:
Kva rom finst det for diplomati i dagens internasjonale system?
Har små statar som Noreg framleis ein særleg rolle å spele?
Og kva skjer når dialog i aukande grad blir erstatta av maktspråk og konfrontasjon?

Korleis skal vi forstå spenninga mellom realpolitikk og ideal, mellom militær makt og politiske løysingar – og kva står att av det ein kan kalle mjukdiplomati? I panelet Tor Ivar Strømmen, orlogskaptein og PhD-stipendiat og Siri Gloppen, professor, ved det Samfunnsvitenskapelige Fakultet, professor i statsvitenskap, leiar for LawTransform (CMI-UiB Centre on Law & Social Transformation). Samtalen blir leia av statsvitar Ole Rasmus Øvretveit.

​Arrangementet er ein del av samtaleserien Noreg i ei ny tid, eit samarbeid mellom Academia Europaea sin hub ved Universitetet i Bergen, Litteraturhuset i Bergen og Chr. Michelsens Institutt.

​​150,– / 120,– / Gratis inngang for studentar ved framvising av studentbevis.

Foto: Agnete Brun

Arrangør:
Litteraturhuset i Bergen, Academia Europaea sin hub ved Universitetet i Bergen og Chr. Michelsen Institutt
Alder:
Litthus i ditthus

Ingenting funnet.

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.