Lyrisk tjuvstart på Poesifestivalen i Ulvik: med Fredrik Parelius og Eira Søyseth

Tors.

10

.

09

19:00

20:00

Amalie Alver

Bli med
Kjøp billett
Billetter i døren
Gratis

Det er i år 70 år sidan Olav H. Hauge gav ut diktsamlinga Seint rodnar skog i djuvet

​Poesifestivalen tjuvstartar årets festival på Litteraturhuset i Bergen! Med utgangspunkt i festivaltemaet møtest Fredrik Parelius og Eira Søyseth til samtale om litterær grjot, røter og vekst.

I år er det 70 år sida Olav H. Hauge gav ut diktsamlinga Seint rodnar skog i djuvet. Opphavleg hadde Hauge sett føre seg at samlinga skulle få tittelen Grjot. I ei overført tyding kan ordet syna til naturen, karakteren eller evna til eit menneske. Er det godt grjot i deg? Kva slags stoff er du laga av? Ei heilt konkret tyding av ordet er «leire, sand, grus og stein blanda saman utan lagdeling». Denne samansette og samanblanda tydinga høver godt som utgangspunkt for ein samtale om Hauge si diktsamling og om dikting generelt. Kva slags grjot er dikt og diktarar laga av?

Seint rodnar skog i djuvet inneheld mange slags dikt «blanda saman utan lagdeling». Her finn me dikt som borar i det litterære jordsmonnet, men òg dikt som minner oss om at det som har røter, strekkjer seg mot himmelen.

Fredrik Parelius (f. 1991) debuterte i år med diktsamlinga Salt/Land. Her finn me dikt i tradisjonelle former som portretterer ei øy på Helgelandskysten. Sentralt i dikta står gjentakande mønster som er både menneskeskapte og naturgjevne. Her er dikt om måltid, fiskereiskapar, talemåtar, slekt og opphav. I botnen av diktsamlinga ligg det ein sonettkrans der dikta fylgjer kvarandre i ein tematisk samanheng og til slutt bit kvarandre i halen.

Eira Søyseth (f. 1991) er poet og gjendiktar. Ho debuterte med diktsamlinga Farget flekket nå i 2022 og er i år aktuell med diktsamlinga Fellesskapsmonsteret. Dikta i denne samlinga tek for seg fellesskapen si kraft og opning mot verda. Dikta spør: Er det håp? Kan me finna produktive fellesskapar i verda i dag? Det poetiske eg-et vekslar mellom ei innbiten tru på fellesskapen og ein resignasjon over kva det kan få til. Eira Søyseth er òg redaktør og initiativtakar for det bergensbaserte poesiprosjektet Blekk.

150,–/120,–/60,–

Foto: haugesenteret / Nynorsk kultursentrum/LINN HEIDI STOKKEDAL/Johanne Karlsrud

Arrangør:
Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Poesifestivalen i Ulvik
Alder:
Litthus i ditthus

Clube do Conto/Novelleklubb

Fosse-stova

Fre.

28

.

08

18:00

19:30

Bli med
Kjøp billett
Novelleklubb på portugisisk/ Um clube para debates de contos em português. Arrangør: Tekoá Kultursenter.

Sa ka la – Opplesninger

Boksalongen

Fre.

23

.

10

19:00

20:15

Bli med
Kjøp billett
Mats Tønjum Alfsen inviterer lokale forfatterspirer til å lese egen poesi og prosa sammen med en etablert forfatter

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.