Kritikarseminaret: Kritikkens – og kritikarens fridom

Med Lyra Eriksson Lindbäck, Bodil Skovgaard Nielsen og Frode Helmich Pedersen
Tradisjonen tru inviterer Litteraturhuset i Bergen, LitFestBergen og Norsk kritikerlag til kritikarseminar i Bergen. Relasjonen mellom litteraturkritikk og fridom er grunnleggande knytt til ytringsfridom, estetisk uavhengighet og kritikarens rolle som litteraturens, kritikkens og kulturens vaktbikkje. Som den kjente tyske kritikaren Marcel Reich-Ranicki formulerte det i eit essay publisert i tidsskriftet Vagant i 2013, er fridom og kritikk gjensidig avhengige av kvarandre: Det kan ikkje finnast nokon fridom utan kritikk, og ingen kritikk utan fridom.
Men korleis står det eigentleg til med fridommen, og med kritikken – og banda mellom dei – i dagens litterære, kulturelle og politiske offentlegheit? Er kritikkens vesen i seg sjølv eit forsvar for alle moglege former for fridom? Men kan det også vere at vi kritikarar, i viljen til å kritisere og til å gi litteraturen ein plass i det offentlege ordskiftet, gløymer gleda som litteraturen kan gi? For er nytinga – ved teksten, argumentet, lesinga – kanskje sjølve føresetnaden for ein kritikars fridom?
Med: Lyra Eriksson Lindbäck (forfattar, filosof og kritikar i Expressen), Bodil Skovgaard Nielsen (kritikar og kulturjournalist i Information) og Frode Helmich Pedersen (professor i nordisk litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen og litteraturkritikar i Morgenbladet).
Program
10.15: Kaffe og mingling
10.30-11.00: Bodil Skovgaard Nielsen: «Uanstændig fryd. Om ubehaget ved kritik i en dansk offentlighed og nydelse som nødvendighed»
11.00-11.15: Spørsmål og diskusjon
11.30-12.00: Lyra Eriksson Lindbäck: «’Litteraturen’ som demokratisk fetisch?»
12.00-12.15: Spørsmål og diskusjon
13.00-14.00: Mottaking LitFestBergen i Håkonshallen
15.00-15.30: Frode Helmich Pedersen: «‹Kritikken som antitotalitær institusjon»
15.30-15.45: Spørsmål og diskusjon
15.45-16.00: Oppsummering
Praktisk informasjon:
– Litteraturhuset i Bergen dekker opphald på hotell éi natt (men ikkje reise).
– Deltakarane på kritikarseminaret får gratis dagspass torsdag 11. februar 2027 og tilbod om redusert pris på dags- og festivalpass på resten av festivalen.
– Heile programmet for LitFestBergen blir lansert torsdag 10. desember.
– For spørsmål og påmelding, send ein epost til Margunn Vikingstad, epost: margunn@litthusbergen.no
– Fullstendig invitasjon og påmeldingskjema her: Invitasjon Kritikarseminar
Foto: Hedda Rysstad, Rania Rönntoft og Canva