Formiddagsmat: Margunn Vikingstad om Colette

Margunn Vikingstad om livet og litteraturen til den franske forfattaren Colette.
Sidonie-Gabrielle Colette (1873-1954), betre kjend som Colette er ein av dei mest markante forfattarane i moderne fransk litteratur – ein forfattar som skreiv seg rett inn i historia med si sanselege og kompromisslause utforsking av kropp, lyst og fridom og som flytte grenser for kva kvinner kunne skrive og vere i samtida. Med utgangspunkt i sitt eige liv skreiv ho ope, utfordrande og overraskande moderne om kvinna si rolle i samfunnet.
Vandraren (1910) var den første boka Colette gav ut under eige namn, etter å ha stått i skuggen for ektemannen som gav ut hennar bøker i sitt namn. Romanen følgjer Renée Néré, ein kvinneleg varietékunstnar som, etter eit mislukka ekteskap, lever av talentet sitt i Paris. Ho balanserer på ein knivsegg mellom økonomisk utryggleik og kunstnarisk fridom, mellom sårbarheit og sjølvstende. Når ein velhalden tilbedar byr henne eit sorgfritt liv i velstand, blir ho stilt for valet mellom kjærleik og tryggleik, og fridom og sjølvstende.
Høyr Margunn Vikingstad fortelje om livet og litteraturen til Colette, og om det å omsetje ein roman som vekslar i spenninga mellom det indre og det ytre livet – mellom scenelys og skuggar, mellom applaus og einsemd.
Margunn Vikingstad (f. 1971) er litteraturkritikar og omsetjar. Ho har m.a. omsett fleire teaterstykke frå fransk og engelsk, i tillegg til Gustave Flaubert sin roman Madame Bovary, og Marcel Prousts Swanns kjærleik, frå fransk til nynorsk. Desse og Vandraren er alle del av Skald sin serie med verdsklassikarar på nynorsk. Vikingstad er også programansvarleg ved Litteraturhuset i Bergen.
Formiddagsmat er Litteraturhusets serie med arrangement på dagtid. Her kan du oppleve foredrag og samtalar utvalde torsdagar i løpet av hausten. Serien er gratis, open for alle og støtta av Bergesenstiftelsen, Sparebanken Norge og Regionalt kulturfond Vestland.
Det blir boksal og signering etter arrangementet.
Gratis inngang + gratis kaffi!

