Formiddagsmat: Halvor Folgerø om den kjende steintunga i Hardanger

Formiddagsforedrag med Halvor Folgerø
I 2010 gjekk 800 fotturistar til Trolltunga. Åtte år seinare var talet 87.000. Kvifor ville plutseleg heile verda til Trolltunga? Og kva problem skapte det med turgåarar som med crocs og sandalar tok fatt på den ti timar lange turen?
Trolltunga i Hardanger har blitt eit nasjonalt ikon og ein internasjonal turistattraksjon. No har journalist og forfattar Halvor Folgerø skrive bok om den spektakulære steintunga.
Trolltunga. Eit vilt stykke norgeshistorie er ei absurd og underhaldende historie om flaks, slump, smart marknadssføring og sosiale medier. Det handlar om masseturisme, villcamping, dårlege klær, køar og trafikk, og om eit lokalsamfunn si evne til å snu seg raskt rundt.
Høyr Halvor Folgerø fortelje den ville historia mens han viser bilde som illustrerer fenomenet Trolltunga.
Halvor Folgerø er forfattar, musikar og journalist frå Stord, busett i Bergen. Han har i ei årrekke jobba i radio og TV i NRK og har dei seinare åra hatt stor suksess med bøkene Vestlandsvegar, Fleire vestlandsvegar og Ferjefolket.
Formiddagsmat er Litteraturhusets nye serie med arrangement på formiddagen. Serien er gratis, open for alle og støtta av Bergesenstiftelsen.
Det blir boksal og signering etter arrangementet.
Gratis
Foto: Tove Breistein

