Her er dei nominerte til årets Gullkroken

Fredag strøymde elevane til Litteraturhuset for kick off for årets litteraturpris. Ein av dei nominerte forfattarane, Eivind Riise Hauge, var med for å snakke om boka si Halvard Borges forbrytelser. Hauge har skrive éi av fem bøker som er valt ut i år.

Dei nominerte til årets Gullkroken er:

Brynjulf Jung Tjønn, Norsk kjærleik (dikt)

Eivind Riise Hauge, Halvard Borges forbrytelser (roman)

Karoline Mirković, Divnas bok (roman)

Marie Kinge, Du lurer ikke meg (roman)

Mimir Kristjánsson, Pabbi - en familiesaga om drukkenskap (sakprosa)

Gullkroken er ein heilt spesiell pris. Det er elevar som står for lesing, vurdering og utdeling av prisen.

Prisen er eit samarbeid mellom Årstad vidaregåande skule, Litteraturhuset i Bergen og LitFestBergen. Gjennom prosessen får elevane opplæring i litteraturkritikk frå ein yrkeskritikar, dei les mykje (og diskuterer endå meir!) og dei deler ut prisen som eit program under LitFestBergen i februar.

Tidlegare vinnarar av prisen er Lara Rashid for Hold meg til jeg sovner, Martin Eia-Revheim for Å sette sammen bitene og Oliver Lovrenski for Da vi var yngre.

Prisutdelinga vil skje torsdag 6. februar på Litteraturhuset i Bergen.

Ukraina på Litteraturhuset

«Ukraina på Litteraturhuset» er ein serie denne hausten som gir eit særskilt innblikk i ukrainsk historie og litteratur samt situasjonen i dagens krigsramma Ukraina.
Les mer

Innspill til leselyststrategi for voksne

Daglig leder Hjørdis Losnedahls innspill til en leselyststrategi for voksne
Les mer

Årsrapport 2025

Årsrapporten for 2025 er her! Bli bedre kjent med vårt formål, våre mål og utfordringer. Ikke minst kan du lese om alt vi oppnådde i året som var og hva vi ser frem til i tiden som kommer.
Les mer

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.