Gullkroken kick off!

– Vi vil at så mange som mogleg skal ha lyst til å lese bøkene

For femte gong vart Gullkroken litteraturpris sparka i gong! Torsdag 25. september fekk eit fullsatt auditorium høyre Erlend Loe snakke om sin nyaste roman «Kukane/Kukene». Samtalen vartleia av litteraturformidlar ved Årstad vidaregåande skule, David Kvamme Høvik.

Loe og Høvik var innom ponchoskam, kukokrati, rømningsbehov og kuklaus atferd i løpetav ein knapp halvtime. No er det elevane sin tur til å lese «Kukane/Kukene» og dei fire andre nominerte bøkene.

I løpet av hausten skal elevane lese, diskutere og velje ei vinnarbok. Den boka får tildelt Gullkroken-prisen under Bergen internasjonale litteraturfestival i februar. Du kan lese meir om prisen her.

Dei fem nominerte bøkene vart offentleggjort under arrangementet. Dei er:

Elida Karo: Og forresten heter jeg Leah

Nikolai Torgersen: Gater jeg har levd

Erlend Loe: Kukene/Kukane

Aina Basso: Før det blir morgon

Petter Brevik: Være død

Bøkene er valde ut av elevane sjølve. I fyrste omgang valde klassane tolv favorittar frå ei langliste på tjue bøker. Ein jury beståande av to elevar frå kvar klasse valde ut fem av favorittane til nominasjon.

Maria Christine Alme (i midten på biletet) sat i juryen. Ho går i Vg3 Kunst, design og arkitektur ved Årstad vidaregåande. Alme seier at juryen var opptekne av å ha breidde i både tema og kompleksitet.

– Vi vil at så mange som mogleg skal ha lyst til å lese bøkene. Elevar har veldig ulikt forhold til lesing og det er viktig at alle skal ha sjansen til å finne minst éi bok dei liker.

Vilde Kristensen Kittelsaa (til venstre i biletet) var òg med i juryen. Ho er einig med Maria og legg til at for like bøker kan gjere at ein blir mindre motivert for å byrje på neste bok.

– Ved å ha ulike bøker, får ein oppleve ulike perspektiv, tema og karakterar. Då blir det ikkje berre sjølvbiografi eller berre fantasy, for eksempel. Vi trur det vil gjere det lettare å byrje på neste bok.

Prisutdelinga av Gullkroken litteraturpris vil skje torsdag 5. februar klokka 13:00 på Litteraturhuset i Bergen.

Se hva som har skjedd i Boksalongen!

Store forandringer i første etasje
Les mer

Høstens leseliste (og andre tips)

Les deg opp på høstens program! Bøkene finner du i Boksalongen
Les mer

For et år!

Nå er det ett år siden jeg ble daglig leder for Litteraturhuset i Bergen. Det har vært et innholdsrikt år som har gått utrolig fort!
Les mer

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Meld deg på nyhetsbrev
Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.