Klassikaren: Mahmoud Darwish

Tors.

25

.

04

19:00

20:00

Olav H. Hauge

Bli med
Kjøp billett
Billetter i døren
Gratis

Foredrag om Palestinas nasjonalpoet med Linda Kjosaas

Mahmoud Darwish (1941-2008) blir rekna som den viktigaste røysta i moderne arabisk poesi. Han skreiv over 30 diktsamlingar og åtte prosaverk, er omsett til rundt 35 språk og har vore kortlista til Nobelprisen i litteratur. Han debuterte med diktsamlinga Asafir bila ajniha (Fuglar utan venger) i 1960, og gjennombrotet kom med Awraq Al-Zaytun (Olivenblader) i 1964. Mange av dikta til Darwish er politiske, men også prega av universelle, eksistensielle undertonar. Den internasjonale appellen skuldast truleg måten Darwish skriv om lengsel, sakn, eksil og tapet av heimlandet.

Høyr Linda Kjosaas fortelje om Palestinas nasjonalpoet, ein poet som har betydd mykje for ho heilt sidan ho byrja å studere arabisk og lese arabisk poesi.

Kjosaas er omsetjar og tidlegare utdanningskoordinator for FNs høgkommissær for flyktningar, med mastergrad i arabisk språk og litteratur. Ho har m.a. omsett bøker av Alaa Al Aswany, Salwa al-Naeimi, Osama Al Omer og Raif Badawi.

110/60,– (stud./honnør)

Arrangør:
Litteraturhuset i Bergen
Alder:
Litthus i ditthus

Ingenting funnet.

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.