Fossefest på Litteraturhuset i Bergen

Ei veke med festival 24.–28. september!

Jon Fosse blir rekna som ein av våre viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over førti språk og skodespela hans blir sette opp over heile verda. Fosse har mottatt ei rekke med litterære prisar, både i inn- og utland og fekk Nordisk Råds Litteraturpris i 2015 for Trilogien. AndvakeOlavs draumar og Kveldsvævd

Til hausten fyller forfattaren 60 år og Litteraturhuset i Bergen inviterer til Fossefest. Vi markerer jubileet ei heil veke ved å sjå på forfattarskapen frå ulike perspektiv – med særleg vekt på at Fosseeventyret starta nettopp i Bergen – og seinare inntok verda. Det blir t.d. samtale om Jon Fosses veg inn i teaterverda med dei som stod han nær og var med på teaterdebuten, premiere på Og aldri skal vi skiljast i 1994 på Den Nationale Scene, og om Fosses internasjonale appell.

Tidlegare studentar ved Skrivekunstakademiet, som Anna Kleiva og Lars Svisdal, kjem til Fossefest for å diskutere kor aktuell Fosse er i dag, det blir Kritisk kvartett der m.a. Fosses kommande utgiving SeptologienDel I blir dissekert, det blir opplesing frå Melancholia II ved skodespelar Frank Kjosås, poesikonsert med skodespelar Hildegun Riise og hardingfelespelar Benedicte Maurseth, føredrag om Fosses poesi ved litteraturkritikar Tom Egil Hverven, diskusjon om Fosse og det nynorske språket og opplesing og slåttar knytt til spelmetaforar hos Fosse ved Ola E. Bø og Knut Hamre.

Under Fossefesten blir det òg tingingsverk ved poet Erlend Nødtvedt og hardingfelespelar Erlend Apneseth og samtale mellom forfattarane Anne Oterholm, Tormod Haugland og Ragnar Hovland om Jon Fosse som skrivelærar: Kva anekdoter finst om Fosse frå tida si ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og er det sant at Karl Ove Knausgård blei sittande att med eitt einaste ord som dugde etter at Fosse hadde gått gjennom teksten hans?

Fullt program blir lansert 14. august.

 

Foto: Tom A. Kolstad