Vonde blomar, my ass

Ons.

21

.

10

19:00

20:00

Auditoriet

Bli med
Kjøp billett

Med Gunnhild Øyehaug og Kjetil Ullebø.

Det er ikkje urimeleg å påstå at Gunnhild Øyehaug er blant dei mest fantasirike forfattarane i norsk samtidslitteratur. Ho undersøker det sanne, det ironiske og det fantastiske og slik skaper ho ein litteratur som forundrar ved å forvandle, ofte i ei konkret handvending.

Tittelen på den siste utgivinga til Øyehaug, novellesamlinga Vonde blomar, refererer til den franske poeten Charles Baudelaires kjende diktsamling. Hos Baudelaire er vonde blomar ein metafor, hos Øyehaug noko svært konkret – og sant. Men som eg-forteljaren i novella Vonde blomar stadfestar når ho tenker på kva Baudelaire sjølv ville ha sagt dersom han oppdaga at tittelen hans blei brukt i ei novelle om innpåslitne folk på treningsstudio og oppdikta bussjåførar: Vonde blomar, my ass.

Øyehaug samtaler med Kjetil Ullebø, journalist i Bergens Tidende, om litteraturens ibuande villskap, om litteraturhistoriske heltinner og heltar og om å skrive i håp om at det finst nokon på den andre sida.

Arrangementet skjer på Litteraturhuset. Det blir òg mogleg å følgje det direkte på nett med strømmebillett.

90/60,– (stud.)
40,– strømming

Arrangør:
Litteraturhuset i Bergen
Alder:
Litthus i ditthus

Ons.

21

.

10

19:00

20:00

Auditoriet

Gratis
Billetter i døren

Monsterklubben: Monstermaskiner

Digitalt
Barn og unge
Gratis
Litthus i Ditthus

Lør.

7

.

11

12:00

13:00

Bli med
Kjøp billett
Lyst å lage din egen historie? Bli med på tegne- og skriveverksted med Gunvor Rasmussen!

Monsterklubben: Dyphavsmonstre

Digitalt
Barn og unge
Gratis
Litthus i Ditthus

Lør.

24

.

10

12:00

13:00

Bli med
Kjøp billett
Lyst å lage din egen historie? Illustratør Gunvor Rasmussen lærer deg triks for å tegne dyphavsmonstre og skrive din egen historie.

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.