Tropeoppdagaren Lumholtz

Med Morten A. Strøksens og Edvard Hviding.
Carl Lumholtz (1851–1922) var så å seie aleine om tittelen norsk tropeoppdagar og blei i samtida verdskjend for ekspedisjonane sine til Australia, Mexico og Borneo. I si nye bok Lumholtz’ gjenferd følgjer journalist og forfattar Morten A. Strøksnes i fotspora til dette særeigne mennesket med si uvanlege historie og reiser ut i verda, til fjerne regnskogar, ørkenar og fjellområde. Strøksnes er ikkje berre på jakt etter å finne spor etter Lumholtz i ulike verdsdelar, men leiter òg i ulike arkiv for å skjøne meir av mannen og bedriftene hans.
Møt Strøksnes i samtale med professor i sosial- antropologi ved UiB, Edvard Hviding, som sjølv har lang erfaring med reiser i og kartlegging av tropiske strøk.
Foto: Cathrine Strøm / Portrett av Carl Lumholtz i 1887. Samling: Oslo Museum. Fotograf: Hulda Szacinski