Systerspel – om spelet som var og spelet som vart borte

Konsertføredrag ved Benedicte Maurseth.
Felespelar, komponist og forfattar Benedicte Maurseth gav hausten 2022 ut Systerspel. Om spelet som var, og spelet som vart borte. I konsertføredraget fortel og les ho om nokre av dei mange kvinnene som gjorde seg gjeldande som felespelarar frå 1700-talet og fram til i dag. Ho vil også spela hardingfele som del av konsertføredraget.
Det vert boksal og CD-sal.
Arrangementet er gratis og åpent for alle.