Strømninger i litteraturen: Nobelprisvinnar Annie Ernaux, den sanne romanens utvikling og tendensar i litteraturåret 2022

Med Ane Farsethås, Sandra Lillebø og Margunn Vikingstad.
I staden for å liste opp dei aller beste, eller verste, bøkene i 2022, vil vi i årets første Strømninger i litteraturen ta utgangspunkt i fjorårets nobelprisvinnar Annie Ernaux: Kva tendensar eller strømninger kan vi lese ut frå Ernaux store gjennomslaget i så vel Noreg som storparten av Europa? Kan vi snakke om «den sanne romanens» utvikling – og utbreiing? Og kva skil da Ernaux' metode frå Karl Ove Knausgårds indrepsykologiske utforsking? Har elles Michel Houellebecq endeleg blottlagt seg som ein ideologisk overtydd rasist? Og for å snakke litt om norsk samtidslitteratur trass alt: var litteraturåret 2022 skrint, det vil seie påtakeleg få litterære høgdepunkt?
Kveldens gjest er kulturredaktør i Morgenbladet Ane Farsethås. Det faste panelet i Strømninger i litteraturen består av forfattar og kritikar i Klassekampen Sandra Lillebø og omsetjar og kritikar i Morgenbladet Margunn Vikingstad.
Strømninger i litteraturen er Litteraturhusets faste programpost om aktuelle tema i litteraturen og i det offentlege ordskiftet om litteratur.
90/60,– (stud.)