Rom for ord: Kampar på vår vakt

Forfattarsamtale om naturen sin eigenverdi med Helene Guåker og Sigurd Hverven.
Eit troll med tre hovud og dårleg ånde står og glor. Det glor på skogane våre og fjella våre, på elva og vatnet. Eit hovud heiter automatisering, eit anna heiter kommersialisering. Det tredje heiter forvalting. Kampane som skal kjempast på vakta vår handlar om naturen sin eigenverdi, på jorda vi har arva og låner. Slike kampar er drivkrafta i Helene Guåkers forteljing om bomvaktaren Lodve i romanen Almenningen. Frå dei same perspektiva utforskar Sigurd Hverven i boka Ville verdier korleis makta til å øydelegge heng saman med ansvaret for å bevare jorda si verdifulle evne til å skape og vedlikehalde eit livsgrunnlag for menneske og natur i tidene som kjem.
110/60,– (stud./ honnør)