Om å elske og å miste

Ons.

16

.

06

19:00

20:00

Olav H. Hauge

Bli med
Kjøp billett
Billetter i døren
Gratis

Med Marit Kaldhol, Katrine Sele og Sivert Nikolai Nesbø.

Marit O. Kaldhol og Katrine Sele er mellom våre høgst verdsette forfattarar i kvar sine sjangrar. Denne våren er dei begge aktuelle med nye bøker.

I den nye novellesamlinga enno var dei kroppar skriv Marit O. Kaldhol om menneska på vandring, mange under harde kår. Slektskapen til Katrine Sele si førre bok, Jølster hotell vert eitt utgangspunkt for denne forfattarsamtalen.

I barnebiografien Einars bok som kom no i vår, skriv Katrine Sele forteljinga om Einar Prestøy Sandsund som berre fekk leve til han var fire og eit halvt år og ein dag. Boka inviterer lesaren til å reflektere over kva det vil seie å elske og å miste, å leve og dø. Også her finst eit samband mellom dei to forfattarskapane: I 1986 gav kom Kaldhol si sterke og vakre biletbok Farvel, Rune ut, med ugløymelege illustrasjonar av Wenche Øyen. Boka har blitt ståande som ein klassikar.

Katrine Sele og Marit O. Kaldhol les frå bøkene sine og reflekterer over korleis litterære erfaringar med sorg, tap og flukt kan peike på vegar vidare, ut av det vonde, for den som les. Samtalene vert leia av forfattar og leiar ved skrivekunstakademiet i Bergen, Sivert Nikolai Nesbø.

Arrangementa er ein del av programrekka Lese. Leve som er utvikla og produsert av Rom for ord med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt Ord.

110,–

Arrangør:
Rom for ord i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen
Alder:
Litthus i ditthus

Ingenting funnet.

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.