Olav Nygard mellom himmelsyn og avgrunn
Føredrag ved professor Ronny Spaans (UiO)
I ei heilt ny bok om Olav Nygard presenterer Ronny Spaans mykje ukjent stoff – ikkje minst om folk frå Vestmannalaget som spela ei stor rolle for Nygard som diktar, serleg Johs. Lavik, som var illgjeten som bokmeldar i Gula Tidend. Men han gav ut to av Nygards diktsamlingar i Gula Tidend og sette samstundes journalist Olav Hammer til å skamrosa dei. Lavik hadde òg eit forvitneleg brevskifte med Nygard. Alle omtalane av Nygard i Hulda Garborgs dagbok er heller ikkje attgjevne tidlegare – sume av dei er skakande leseopplevingar - likeins bokmeldingane hennar av Nygards bøker.
Sæmund Helde framfører eigne songar med tekst av Olav Nygard.
Det vert sal av Olav Nygard mellom himmelsyn og avgrunn på møtet.
Gratis.