Med to til ords: I krigens kjølvatn

Ons.

03

.

11

19:00

20:00

Auditoriet

Bli med
Kjøp billett
Billetter i døren
Gratis

Aslak Nore i samtale Rune Timberlid

Om jakta på sanning, spenning og fleire forteljingar i kjølvatnet av andre verdskrigen

Hausten 1940 går hurtigruteskipet D/S «Prinsesse Ragnhild» ned utanfor Bodø. Vera Lind og hennar nyfødde son Olav overlever, men ektemannen og hundrevis av andre druknar. Hausten 1944 sig ubåtjagaren «Hitra» inn på Dombevågen, på Øya Hovden nord for Florø. Kort tid i førevegen kom følgjande melding over radio frå London: “Fanden er på vingene”. Med kvar si høgdramatiske maritime scene frå andre verdskrigen opnar Aslak Nore og Rune Timberlid bøkene Havets kirkegård og Jakta på Siskin. Nore skriv skjønnlitterært og markerer starten på ein familiekrønike i tre band, Timberlid formar den dramatiske soga om Milorg-styrken Siskin i Sogn som sakprosa. Andre verdskrigen ser ut til å vere eit utømmeleg råstoff for forteljingar og framstillingar i ulike sjangrar. Korleis har krigshendingane kome til å prege oss i generasjonar framover mot vår tid?

Bokpresentasjon, lesing og samtale ved Aslak Nore og Rune Timberlid.

90/60,- (Student)

Arrangør:
Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Rom for ord
Alder:
Litthus i ditthus

Ons.

3

Ingenting funnet.

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.