Litteraturhuset 10 år: Black Hauge

På slutten av 80-tallet las Olav H. Hauge sjølv inn 99 av sine beste dikt i studio. Dette opptaket utgjer ramma for ein poesikonsert der ein ny generasjon går i dialog med ein av våre ypparste diktarar. Hauge sine eigne innlesinger vert tonsette og improviserte, men også manipulerte.
Felles for uttrykka til Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio, er ein leiken og uredd omgang med tradisjonen. Der trioen tek i bruk element frå folkemusikken og for eksempel inkorporerer arkivopptak av stev og lokk i musikken sin, forheld forfattaren seg aktivt til tradisjonen i form av sitat, pastisjar, hyllester og omskrivingar. Denne dialogen med tidligare verk og uttrykk har sjeldan vore tydelegare enn i samarbeidsprosjektet som tek utgangspunkt i Olav H. Hauge si dikting.
Gratis.