Kritikarseminar

Kven tar ansvar for at det finst markante kritikarar i lokal- og regionalpressa?
Kritikken er utsett og personavhengig i region- og lokalavisene, og stadig fleire viktige regionaviser har skalert ned spalteplassen til kritikk. Dette har store konsekvensar for mengden bøker som blir meldt og det har òg truleg store konsekvensar for det redaksjonelle arbeidet med kritikken som blir levert.
Om ei avis ønsker å posisjonere seg som ein viktig meiningsbærar av kritikk, må den både kunne dekke eit breitt spekter av aktuelle bøker og samtidig bygge opp den einskilde kritikaren. Kven tar ansvar for geografisk mangfald blant kritikarane og korleis kan ein bygge opp markante, kritiske røyster utanfor Oslo?
Med: Cathrine Krøger (kritikar i Dagbladet), Arne Borge (kulturredaktør i Vårt Land), Erik Bjerck Hagen (professor i litteraturvitskap ved UiB), Frode Helmich Pedersen (førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved UiB), Frode Bjerkestrand (kulturredaktør i Bergens Tidende), Vera Henriksen (kulturleiar i Romsdals Budstikke) og Jan Zahl (teater- og filmkritikar og bokansvarleg i Stavanger Aftenblad).
Program:
12.00: Kaffi
12.15-13.00: «Fra en kritikers dagbok. 1998-2020». Føredrag ved Cathrine Krøger.
13.00-14.00: Lunsj
14.00-14.45: «Enhver kritikk er en mulig nyhet». Føredrag ved Arne Borge.
15.00-15.45: «Den gode kritikken før og nå. Om noen anmeldelser fra perioden 1908-2020». Føredrag ved Erik Bjerck-Hagen.
17.00-19.30: Middag
20.00-21.30: Korleis er stoda for kritikken i lokal- og regionalpressa? Paneldebatt med Frode Bjerkestrand, Vera Henriksen og Jan Zahl. Ordstyrar er Frode Helmich Pedersen.
Arrangementet føregår på Litteraturhuset i Bergen. Det vil òg bli strøymt via nettsida til Litteraturhuset.
Gratis (påmelding). For spørsmål og påmelding, send ein e-post.
Påmeldingsfrist: 5. mars 2021.
Seminaret er støtta av Fritt Ord.