Klassikaren: Dante og Purgatoriet

Tors.

15

.

02

19:00

20:00

Alver

Bli med
Kjøp billett
Billetter i døren
Gratis

Med omsetjar Erik Ringen

Den guddommelege komedie av Dante Alighieri er eit tidlaust diktverk som etter 700 år stadig får nye lesarar – og omsetjingar. I 2017 kom Erik Ringens nyomsetjing av Inferno og i 2022 av Purgatoriet. Komedien skildrar Dantes reise gjennom Inferno, Purgatoriet og Paradis.

I Skiringsheimen (Purgatoriet) har Dante lagt Helvete bak seg, og med Vergil som vegvisar byrjar han å klive opp Purgatorie-fjellet. Vandringa går opp dei ulike skråningane der sjelene soner tidsavgrensa straff for ulike synder; hovmod, misunning, vreide, dovenskap, grådigheit, fråtsing og begjær. Denne vandringa blir lutrande for diktaren Dante og gjer han klar for Paradiset.

Kva har vore dei store utfordringane med å omsetje Dante? Og kva posisjon har  Den guddommelege komedie for lesarar i dag? Møt omsetjar Erik Ringen i eit føredrag om ein av verdslitteraturens aller største klassikarar.

110/60,– (stud./honnør).

Arrangør:
Litteraturhuset i Bergen
Alder:
Litthus i ditthus

Ingenting funnet.

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.