Jon Fosse-symposium

Med m.a. Frode Helmich Pedersen, Christine Hamm og Unni Langås.
Det er i år 40 år sida Jon Fosse debuterte med romanen Raudt, svart (1983). I samband med dette og at forfattarskapen til Fosse gjer seg sterkt gjeldande både i Noreg og ute i verda, er vi fleire på Vestlandet som ønskjer å belyse og diskutere ulike verk av Fosse. Gjennom eit breitt samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret, Haugesenteret, Fosse-stiftinga, Festspillene i Bergen, Nasjonalbiblioteket og Litteraturhuset i Bergen inviterer vi til eit Fosse-symposium 1. juni på Litteraturhuset i Bergen. Symposiet skal ta for seg både prosa, poesi og dramatikk av Fosse og knytter dermed òg band til ei særdeles tydeleg Fosse-satsing på Det Vestnorske Teateret (DVT) denne våren.
Dramatikaren Fosse har betydd mykje for Det Vestnorske Teateret over mange år. Denne våren får Bergen verdspremiere på det nye Fosse-stykket I svarte skogen inne som er skrive for Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i Oslo. Det er ei stor ære å få vise stykket for første gongen, på Hovudscenen til Det Vestnorske Teateret. Framsyninga er òg eit samarbeid med Festspillene i Bergen og blir slik ein del av festspelprogrammet 2023. For det yngre publikummet blir det vist ei dramatisering av barneboka Spelejenta frå 2009.
Dette skjer på den nye Scene 2 og er samprodusert med Ingrid Askvik. Det blir òg gjort ei lesing av den fyrste delen av Hundemanuskripta, Fy å fy. Hundemanuskripta er skrivne i åra 1995-1997 og vert gjort som tonesette lesingar på Det Vestnorske Teateret i kulturbaren Skifte. Dei to andre tekstane, Nei å nei og Du å du kan ein få med seg i dagane etter symposiet, den 2. og 3. juni. 13. mai og 4. juni vil Linda Eide i kjend stil gi publikum ei innføring i Fosse sitt liv og verk med Fosse for dumskallar på Hovudscenen.
Program
Det store svevet, Jon Fosse-symposium 1. juni
10.00: Kaffi og velkommen
10.15- 10.55: Frode Helmich Pedersen, professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Nokon kjem til å komme: Ei nylesing.
11.00-11.40: Mads Thygesen, professor i anvendt dramaturgi ved Kunsthøyskolen i Oslo. Draum om Hausten – tid, ironi og identitet i Jon Fosses dramatikk.
11.40-12.00: Kaffipause
12.00- 12.45: Unni Langås, professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Agder. «Var du ikkje redd.» Aspekter av angst i Jon Fosses forfattarskap.
12.45-13.15: Lunsj
13.15: Lydspor Leika leiken
13.30-14.10: Christine Hamm, professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Menn frå bygda. Kjønn, klasse og kunst i Naustet og Septologien.
14.15-14.55: Trond Haugen, forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. … den fordømrade klokka! Om den kritiske mottakinga av Jon Fosses debut Raudt, svart.
15.00-15.40: Benedikte Berntzen, forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Han og ho ut i verda. Internasjonale spor i Jon Fosses privatarkiv.
15.45-16.15: Eli Fossdal Vaage, forfattar og skrivelærar ved Skrivekunstakademiet. Gud er eit mjukt øyre. Nokre tankar om Jon Fosse sin lyrikk.
Litteraturhuset i Bergen, Haugesenteret, Det Vestnorske Teatret, Fosse-stiftinga, Festspillene i Bergen og Nasjonalbiblioteket.
Program på Det Vestnorske Teatret 1. juni 2023:
18.00-19.00: Spelejenta, Scene 2.
19.00-20.45: I svarte skogen inne, Hovudscenen.
21.00-22.00: Hundemanuskripta– Fy å fy. Lese av Sigmund Njøs Hovind, musikk av Arne Toivo Sandberg Fjose, Skifte.