Forfattarsamtale med Jenny Erpenbeck

Fre.

03

.

02

19:00

20:00

Auditoriet

Bli med
Kjøp billett
Billetter i døren
Gratis

Møt ein av Tysklands viktigaste samtidsforfattarar.

Tyske Jenny Erpenbeck vaks opp i Aust-Berlin og var 22 år gammal da Muren fall. På ulike måtar speler DDRs undergang med i romanane hennar – ved å skildre grenseerfaringar og heimløyse og slik tematisere erfaringar med diktatur i det 20. hundreåret. Den første boka som kom på norsk, Går, gikk, har gått (2017), tar for seg Tysklands flyktningkrise i samtida vår og speglar på same tid erfaringar hos flyktningar under Andre verdskrigen. Den siste romanen omsett til norsk, Kairos (2022), er ei kjærleikshistorie frå det gamle DDR som kastar lys over ein sentral generasjonskonflikt i Aust-Tyskland på 1970- og 1980-talet; draumen om å etablere ein levedyktig sosialistisk stat og Murens fall som ein kapitulasjon for kapitalismen.

Erpenbeck har sjølv uttalt at ho neppe hadde begynt å skrive utan oppveksten i Aust-Berlin. Møt ein av Tysklands viktigaste samtidsforfattarar i samtale med kritikar og førsteamanuensis i litteraturvitskap ved UiB Wolfgang Hottner om historias vekt og avtrykk i einskildemennskets liv og om (den gode) litteraturens potensial til å utfordre både sjølvforståinga og verkelegheitsoppfatninga vår.

The conversation will be held in English.

Arrangør:
Litteraturhuset i Bergen
Alder:
Litthus i ditthus

Fre.

3

Teaching Nietzsche in Kuwait

Alver

Lør.

11

.

02

20:00

20:45

Bli med
Kjøp billett
With Mai Al-Nakib and Anne Katrine Bang.

Guerilla and feminism

Auditoriet

Lør.

11

.

02

18:45

19:45

Bli med
Kjøp billett
With Maaza Mengiste, Nimmi Gowrinathan and Cecilie Hellestveit.

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.