Debutanttripp

Med Sandra Kolstad, Cecilie Størkson og Dordi Strøm.
Kor går grensa mellom fridom og undertrykking når forelskinga er altoppslukande? Kva gjennomgripande erfaringar kan ein alvorleg diagnose gi? Og er det gitt at ei mor skal elske sin eigen son?
Sandra Kolstad (To ord for ødeleggelse), Cecilie Størkson (Ein alvorleg sjukdom) og Dordi Strøm (Flog) møtest for å snakke om dei aktuelle bøkene sine, skriveprosess og opplevinga av å debutere. Samtaleleiar er poet og omsetjar Eira Søyseth.
Arrangementet skjer på Litteraturhuset. Det blir òg mogleg å følgje det direkte via denne lenka til Litteraturhuset i Bergens YouTube-kanal.
50,–