Salong: Den komplekse hjernen

Rom: Auditoriet

Arrangør: Institutt for aktiv psykoterapi i samarbeid med Litteraturhuset

Med Kenneth Hugdahl og Anne-Beth Grøndahl.

Hjernen sluttar aldri å interessere og fascinere oss. Kva er vanleg og uvanleg hjerneaktivitet, førestillingar og fakta om denne fengslande delen av oss? Er den i stadig utvikling eller ferdig forma, er nokre funksjonar betre eigna til bevisst styring (overstyring) enn andre? Og korleis går ein fram for å få kunnskap om korleis hjernen verkar? 

Professor i biologisk psykologi Kenneth Hugdahl ved Universitetet i Bergen er av dei fremste på sitt felt. Han har mellom anna forska på høyrseslhallusinasjonar og språkleg relaterte problem. Kva har denne kunnskapen å seie for psykologisk behandling og for folk flest? Psykolog Anne-Beth Grøndahl snakker med Hugdahl om den gåtefulle hjernen vår.

Arrangementet går føre seg på Litteraturhuset og blir strøyma til YouTube.

90/60,– (stud.)

40,– (strømming)

 

Illustrasjon: Wellcome Collection (CC)

 

Husnytt