Nordiske stemmer

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Møte med Bergsveinn Birgisson og Bjørn Esben Almaas.

Det nærmar seg utdeling av ein av dei mest prestisjefylte litterære prisane i Norden, Nordisk råds litteraturpris. Vi har invitert to av dei nominerte, frå Island Bergsveinn Birgisson (Reisen til livsvannet) og frå Noreg Bjørn Esben Almaas (Den gode vennen), til ein samtale om dei nominerte bøkene og om det finst ein nordisk litterær offentlegheit som aktivt forheld seg til kvarandre.

Skil den islandske samtidslitteraturen seg frå den norske? Og om det finst ein nordisk fellesskap; kva har den å seie for det litterære miljøet i dei ulike landa? Samtaleleiar er kritikar i Morgenbladet Margunn Vikingstad.

Arrangementet går føre seg på Litteraturhuset og blir strøyma til YouTube.

90/60,– (stud.)

40,– (strømming)

Husnytt