Debutanttripp: Kollaps

Rom: Digitalt

Arrangør: Litteraturhuset

Med Halvard Hølleland, Ida Fjeldbraaten og Malin C.M. Rønning.

Oppdatering! Dette arrangementet blir kun tilgjengelig digitalt.

Jan Otto prøver som best han kan å handtere ein arveleg og sakte snikande sjukdom. I ein storfamilie langt inne i skogen opplever den unge jenta Urd at omverda langsamt går i oppløysing. Ei namnlaus kvinne jobbar i ein dyrepark der uprovosert vondskap rår.

Hovudpersonane i Halvard Høllelands Faste rammer, Ida Fjeldbraatens Jerv og Malin C.M. Rønnings Skabelon er alle truga av kollaps, av personleg art, i ein familiær konstellasjon eller i eit meir samfunnskritisk perspektiv.

Forfattar Henning H. Bergsvåg møter debutantane til ein samtale om bøkene dei har skrive og om kollapsens karakter.

Arrangementet vil strømmes til YouTube.

40,– (strømming)

Husnytt