Snikslepp: Det er lett å gløyme leggetid når ein les!

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Forfattartreff med Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen.

– Pappa, eg vil at nokon skal skrive ei bok om meg.
– Om deg?
– Ja, om meg.
– Sjå på alle dei bøkene! Ingen handlar om meg.
– Jo, men no er det leggetid, vennen min.
– Det er urettferdig at ingen bøker handlar om meg.
– Kva slags bok skal det vere, då?
– Eg veit ikkje. Eg vil bare at det skal vere ei bok om meg.

Det er leggetid, men jenta vil at pappa skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Saman diktar dei to opp boka om jenta, ei bok der alt kan hende. Og kva skjer når pappa blir så ivrig med å dikte at han gløymer at det faktisk er leggetid?

Frode Grytten har skrive godnatthistoria Leggetid, Mari Kanstad Johnsen har illustrert boka og saman kjem dei til Lillelørdag for opplesing og teikning – og truleg kjem dei med nokre overraskingar òg!

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).

Alder: frå 4 år

Gratis

Husnytt