Litthus i Ditthus: Krisehandtering #9

Rom: Digitalt

Arrangør: Litteraturhuset

Rune Moen om svolt, kannibalisme, utryddingsleirar, blodhemn og etnisk utrensking.

Litthus i Ditthus: Når du ikkje kan komme til Litteraturhuset, kjem Litteraturhuset heim til deg.

Vi menneske blir ramma av små og store kriser. I ein ny føredragsserie fortel skjønnlitterære forfattarar, sakprosaforfattarar og omsetjarar om krisehandering, i eigne bøker, i eige liv, i samfunnet som omsluttar oss.

Verda har opp gjennom historia vore ramma av dei mest forferdelege ting. Likevel går livet, etter ei stund, vidare meir eller mindre som vanleg. Rune Moen ser nærmare på historiske kriser i verda gjennom omsett sakprosa, og avsluttar med krisehandtering frå 1980-talets byggefelt. Samt ei klype Tsjekhov og litt ål.

Rune R. Moen er faglitterær- og skjønnlitterær omsetjar og er busatt på Hamar.

Arrangementet blir strøyma på Facebook. Overføringa blir synleg i kommentarfeltet.

Sjå tidlegare arrangement her.

Vil du støtta Litteraturhuset? Kjøp éin eller fleire billettar til valfri sum.

 

Illustrasjon: Wellcome Collection. Creative Commons-lisens: CC BY 4.0.

Husnytt