Litthus i Ditthus: Krisehandtering #8

Rom: Digitalt

Arrangør: Litteraturhuset

Erik Martiniussen om antibiotikakrisa og klimakrisa.

Litthus i Ditthus: Når du ikkje kan komme til Litteraturhuset, kjem Litteraturhuset heim til deg.

Vi menneske blir ramma av små og store kriser. I ein ny føredragsserie fortel skjønnlitterære forfattarar, sakprosaforfattarar og omsetjarar om krisehandering, i eigne bøker, i eige liv, i samfunnet som omsluttar oss.

Antibiotikaresistens er ein snikende epidemi som øydelegg helsevesenet innenfrå. Utan antibiotika kan helsevesenet vårt bli sett 100 år tilbake i tid. Verda over spreier no resistente bakterier seg. Å løyse krisa vil krevje breitt internasjonalt samarbeid.

Med utgangspunkt i den nye boka Krigen mot bakteriene vil Erik Martiniussen stille spørsmål om antibiotikakrisa er mogleg å løyse. Han vil òg trekke vekslar på den første boka som tok for seg klimakrisa og vise korleis menneskets kortsiktige val gjer det vanskeleg for oss å løyse globale kriser.

Erik Martiniussen er journalist og forfattar som har spesialisert seg på forteljande og undersøkjande reportasjar. Han er kjend for å skrive om klima, miljø og økologi.

Arrangementet blir strøyma på Facebook. Overføringa blir synleg i kommentarfeltet.

Sjå tidlegare arrangement her.

Vil du støtta Litteraturhuset? Kjøp éin eller fleire billettar til valfri sum.

 

Illustrasjon: Penicillium mould, spore production, SEM. David Gregory & Debbie Marshall. Creative Commons-lisens: CC BY 4.0.

Husnytt