Litthus i Ditthus: Krisehandtering #11

Rom: Digitalt

Arrangør: Litteraturhuset

Siri Helle med berre nevane mot tøffe tider.

Litthus i Ditthus: Når du ikkje kan komme til Litteraturhuset, kjem Litteraturhuset heim til deg.

Vi menneske blir ramma av små og store kriser. I ein ny føredragsserie fortel skjønnlitterære forfattarar, sakprosaforfattarar og omsetjarar om krisehandering, i eigne bøker, i eige liv, i samfunnet som omsluttar oss.

I kriser trekk vi oss gjerne innover. Mot det nære. Og det kan kanskje vere ein god ting? I dette foredraget fortel den elles så rastlause sjela Siri Helle om korleis ho fann ro, røter og glede i å gå attende til den eine staden ho alltid har vore – ei lita hytta i ein sitkagranskog – og gjere det ho alltid hadde trudd ho ikkje kunne: Bygge eit bittelite hus heilt sjølv. Kan arbeid hjelpe oss til å finne ut kven vi er? Siri Helle er agronom, skribent og snikkarassistent og har nyleg gitt ut boka Med berre nevane – Eit forsvar for praktisk arbeid.

Arrangementet blir strøyma på Facebook. Overføringa blir synleg i kommentarfeltet.

Sjå tidlegare arrangement her.

Vil du støtta Litteraturhuset? Kjøp éin eller fleire billettar til valfri sum.

Husnytt