Litthus i Ditthus: Krisehandtering #10

Rom: Digitalt

Arrangør: Litteraturhuset

Mari Grydeland om kvifor vi menneske treng hundar og kattar i liva våre - spesielt i krisetider.

Litthus i Ditthus: Når du ikkje kan komme til Litteraturhuset, kjem Litteraturhuset heim til deg.

Vi menneske blir ramma av små og store kriser. I ein ny føredragsserie fortel skjønnlitterære forfattarar, sakprosaforfattarar og omsetjarar om krisehandering, i eigne bøker, i eige liv, i samfunnet som omsluttar oss.

I dette føredraget vil Mari Grydeland sjå litt på kvifor vi alle eigentleg er hundemenneske og kattemenneske inst inne, og kvifor krisa gjer at stadig fleire ønskjer seg ein firbent venn.

Grydeland er dyreelskar, journalist, kritikar og forfattar. Ho har jobba i NRK radio og TV, og i fleire av Akersgatas avispublikasjonar. Ho er kritikar i Aftenposten og har skrive både skjønnlitteratur og sakprosa, m.a. Prikkedøden (2005), Vi kan godt få barn (2018) og Som hund og katt - Slik er hunde- og kattemennesker (2019). Ho bloggar om populærkultur på myntekrusedull.no.

Arrangementet blir strøyma på Facebook. Overføringa blir synleg i kommentarfeltet.

Sjå tidlegare arrangement her.

Vil du støtta Litteraturhuset? Kjøp éin eller fleire billettar til valfri sum.

 

Illustrasjon: Wellcome Collection. Creative Commons-lisens: CC BY 4.0.

Husnytt