Litthus i Ditthus: Hagebruk for små gartnarar!

Rom: Digitalt

Arrangør: Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Mangschou

Lag eit terrarium med Christina Stensland Olsen og Gabriel Hareide.

Litthus i Ditthus: Når du ikkje kan komme til Litteraturhuset, kjem Litteraturhuset heim til deg.

Hage er gøy! Og våren er tida for å få ting til å spire. Denne søndagen vil Christina Stensland Olsen saman med Gabriel Hareide med utgangspunkt i boka Hagebok for små gartnere vise korleis ein lagar eit terrarium.

Eit terrarium er eit eiget økosystem – ei heil lita verda omgitt av glas. I terrariumet puttar du kol, jord, mose, grus og planter og pynter med akkurat det du har lyst til. Vekselspelet mellom varmen og fuktigheita som blir produsert inne i glaset gjer at plantene held seg like fine utan at du må vatne dei. Ta fram dei grøne fingrane dine og bli med på å lage ditt eige terrarium: Og slik kan du følgje med på korleis naturen forandrar seg frå dag til dag!

Arrangementet blir strøyma på YouTube.

Husnytt