Litthus i Ditthus: Krisehandtering #6

Rom: Digitalt

Arrangør: Litteraturhuset

Anne Gunn Halvorsen om stress, kriser og korleis overleve døden.

Litthus i Ditthus: Når du ikkje kan komme til Litteraturhuset, kjem Litteraturhuset heim til deg.

Vi menneske blir ramma av små og store kriser. I ein ny føredragsserie fortel skjønnlitterære forfattarar, sakprosaforfattarar og omsetjarar om krisehandering, i eigne bøker, i eige liv, i samfunnet som omsluttar oss.

Anten du har usedvanleg lite å gjere eller altfor mykje: Ein pandemi har med seg alt du treng for å bli skikkeleg stressa. Her får du 30 minutter om kva som skjer i kroppen når du stressar, og korleis ein kan takle det betre. Ikkje minst vil foredraget også sveipe innom nyttig fakta om korleis du kan unngå å døy, og kva du bør vere redd for – sånn eigentleg.

Anne Gunn Halvorsen kjem frå Vikedal i Rogaland og bur i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i over femten år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. Ho er fast spaltist i Aftenposten, og elsker mest av alt å gjere journalistikk på kvardagslivet. Det har resultert i to bøker, Livet og korleis leve det (2017) og fjorårets Stress og korleis leve med det. Foredraget byr på nokre av høgdepunktene frå desse utgivelsane.

Arrangementet blir strøyma på Facebook. Overføringa blir synleg i kommentarfeltet.

Sjå tidlegare arrangement her.

Vil du støtta Litteraturhuset? Kjøp éin eller fleire billettar til valfri sum.

Husnytt