Redaksjonsmøtet: Går pressa for langt?

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Bergen Journalistlag

Korleis er det å stå i stormens auge når journalistane blir som ivrigast?

Til Redaksjonsmøtet kjem Linn Engø (Ap) og Henning Warloe (H). Engø er tidlegare skulebyråd, Warloe tidlegare kulturbyråd og stortingsrepresentant. Båe sit i dag i bystyret.

Dei har stått i kvar sin mediestorm: Engø i Vigilo-saka heilt nyleg, Warloe for åtte år sidan.

Sølve Rydland, redaksjonssjef og politisk kommentator i NRK, vil intervjue og samtale med dei to om korleis det er å stå i eit slikt pressekøyr. Kva må ein berre tole? Og kor går grensene journalistane ikkje må trakke over?

Debatten er gratis og open for alle. Redaksjonsmøtet er ein debattserie av Bergen Journalistlag på Litteraturhuset i Bergen.

Gratis 

Husnytt