Lillelørdag: Våren er her – og persisk nyttår!

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset i samarbeid med Hoda Parsian og Mehr Children Culture House

Verkstad, persiske eventyr og graut med safran og rosevatn.

I meir enn 3000 år har menneske feira den første vårdagen for å markere slutten på det gamle og starten på det nye i naturen. I mange kulturar blir dette kalla Nowruz som òg ei feiring av det nye året – samt feiring av familie, fred og solidaritet mellom folk frå ulike kulturar.

Gjennom Mehr Children Culture House i Bergen formidlar Hoda Parsian iransk og persisk kultur til barn. No inviterer Lillelørdag saman med Parsian til feiring av persisk nyttår på Litteraturhuset! Vi får høyre persiske eventyr om Vinteren og Våren som prøver å møtast. Det blir òg verkstad der borna får lage sitt eige persiske godteri og male egg; aktivitetar som markerer det persiske nyttåret. I god Lillelørdag-tradisjon blir det óg graut – men denne gongen med safran og rosevatn!

// 

Nowruz: Persian New Year traditions

Welcome to storytelling based on an ancient story in modern version written by Sepideh Mostafavi and workshop about Persian New Year celebrations. The story is read and performed by Sepideh Mostafavi, Marzie Moosavi and Hoda Parsian.

In the workshop we will decorate with the so-called Haftseen where the children can make their own Persian marzipan candy (toot), colour eggs and grow their own Nowruz grass to welcome the Persian New Year of 2020.

Arrangementet går føre seg på norsk, engelsk og persisk. The event will be held i Norwegian, English and Persian.

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).

Følg Lillelørdag på Facebook for oppdateringar!

Alder: opp til 8 år

Gratis

Husnytt