Lillelørdag: Bø og Bæ-spesial

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Med Ragnar Hovland.

Bø og Bæ møter mange ulike utfordringar. Når Bø og Bæ skal på fest, må dei øve på å danse og på å pakke inn presangar. I Bø og Bæ til sjøs blir dei brått ståande på grunn. Men når det til slutt ordnar seg, blir dei så glade at dei må ta ein song. 

Bøkene om dei svenske sauene Bø og Bæ er blitt ein skikkeleg klassikar. Forfattarane bak er Olof og Lena Landström, men den som har omsett desse finurlege bøkene til nynorsk, er forfattar Ragnar Hovland

Hovland kjem til Lillelørdag for å lese frå eit utval av Bø og Bæ-bøkene. I tillegg har han med seg ukulelen sin så de skal ikkje så vekk frå at det kjem ein song frå Hovland òg! 

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).

Alder: frå 4 år

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.

Gratis

Husnytt