Salong: Kroppen i psykoterapi (UTSOLGT)

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Institutt for aktiv psykoterapi i samarbeid med Litteraturhuset

Med Margrethe Øglænd og Kjersti Lyngstad.

Korleis kroppen har blitt forstått i behandlinga av psykiske lidingar og plager har variert opp gjennom historia. Psykologar har oversett kroppen, berre så vidt tolt den, eller nærast gitt den ei hovudrolle i behandlinga. Kva idéer har ein gått bort frå eller er blitt vidareutvikla om kropp og sjel? Er det slik at kroppen avslører menneskets indre, kan den forsvare og bevare ei sårbarheit i oss, og kva betyr det at noko «set seg i kroppen»? På kva måte kan ein, med heile seg, få hjelp av psykologar som er opptatt av dette i dag?

Psykologspesialist Margrethe Øglænd har følgt historia om kroppens plass i psykologifaget. Møt henne i samtale med kollega Kjersti Lyngstad.

Neste arrangement i denne serien: 24. mars.

90/60,– (stud.)

 

Illustrasjon: Wellcome Collection (CC)

 

Husnytt