Portrett av ein tvilsam sjarmør

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Torgrim Eggen om Axel Jensen.

Historia om rikmannssonen og forfattaren Axel Jensens liv (1932–2003) er mytisk og dramatisk. Han blei dyrka som eit geni, mens livet hans veksla mellom sublim romantikk, eventyrlege reiser, depresjonar og økonomiske kriser. I ein ny og prislønna biografi om forfattaren skildrar Torgrim Eggen han som alt frå drittsekk og sjarlatan til sjarmør – heilt til det siste. 

Biografien som har fått tittelen Fra smokken til Ovnen, henta frå Jensens comeback-roman Lul (1992), viser fram eit søkande menneske, utan å slippe av syne den særeigne forfattarskapen. Eggen samtaler om eit samansett forfattarliv og forfattarskap med omsetjar og kritikar i Dagbladet Jon Rognlien.

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.

90/60,– (stud.)

 

Foto: Grethe Nygaard

Husnytt