Kristofer Janson i Amerika

Rom: Fosse-stova

Arrangør: Vestmannalaget

Føredrag av Asbjørn Ystebø.

Kristofer Janson var i si tid ein av dei mest populære litteratane her til lands, både som songdiktar og romanforfattar. Han var med på å skipa Vestmannalaget i 1868, var folkehøgskulelærar i Gausdal frå 1869 til 1878 og vart unitarprest etter ei talarferd i USA 1879–80. Han dreiv prestegjerning i Amerika frå 1881 til 1893. 

Asbjørn Ystebø, tidlegare lektor ved Danielsen vidaregåande skole og primus motor for Vestnorsk utvandringssenter på Sletta på Radøy, har på reisene sine i Midtvesten kome over interessant materiale etter diktarpresten. I føredraget sitt fortel han om Jansons liv og gjerning, og særleg om den perioden han levde i norsk emigrantmiljø i og i nærleiken av Minneapolis.

Gratis 

 

Illustrasjon: Wikimedia Commons

Husnytt