Klimakritikk: Skaper klimakrisen tendenslitteratur?

Rom: Alver

Arrangør: Litteraturhuset

Med Kikki Kleiven, Sigurd Hverven, Agnar Lirhus, Andreas Vermehren Holm og Espen Stueland.

Vi ser ei aukande klimauro for kloden vår. I Litteraturhuset nye seriesatsing Klimakritikk vil vi sjå nærmare på den klimaengasjerte skjønnlitteraturen. Er den berre samtidas eksempel på tendenslitteratur, til liks med den politiske litteraturen på 1970-talet – eller er det snakk om eit litterært paradigmeskifte? Og kjem den ofte estetisk orienterte kritikken til kort i vurderinga av økokritiske perspektiv i skjønnlitteraturen? Vi skal i tillegg ta ein kikk på dei litterære naboane våre: Kva blir skrive av økokritisk skjønnlitteratur og poesi i Sverige og Danmark?

Forfattar og kritikar Espen Stueland er fast samtaleleiar i serien. Stueland har markert seg som ein engasjert klimaaktivist, mellom anna med essayboka 700-årsflommen. 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk

Til det første arrangmentet kjem klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Sigurd Hverven, forfattar Agnar Lirhus og forfattar, omsetjar og redaktør i tidsskriftet Ny jord Andreas Vermehren Holm.

Kleiven vil gi eit riss av klodens tilstand og kva som skjer i klimaforskinga nett no. Deretter blir det ein samtale mellom Hverven, Lirhus, Vermehren Holm og Stueland, der dei vil kartlegge dagens klimakritiske skjønnlitterære prosa, poesi og kritikk.

PROGRAM

19.00: Forfattar og kritikar Espen Stueland ønskjer velkommen og presenterer klimakritikkserien
19.05–19.25: Klimaforskar Kikki Kleiven gir eit riss av klodens tilstand
19.25–20.00: Filosof Sigurd Hverven held eit innlegg om menneske og natur basert på boka si Naturfilosofi (2018)
20.00–20.15: Pause
20.15–21.00: Samtale mellom Espen Stueland, forfattar Agnar Lirhus og poet, omsetjar og redaktør i Ny jord. Tidsskrift for naturkritikk Andreas Vermehren Holm

Neste arrangement i denne serien: 4. mars.

90/60,– (stud.)

Husnytt