Bokslepp: Blø meg sakte ut

Rom: Boksalongen

Arrangør: Det Norske Samlaget/Endre Tveit

Med debutantforfattar Endre Tveit.

Blø meg sakte ut fortel om eit eg som ikkje lenger kjenner seg i kontakt med verda rundt seg. Faren er gått vekk, og mora har gått inn i ein sorgprosess som kjennest kvelande og framand. Forteljaren grundar over kjenslene rundt tapet og søkjer nærleik på nye måtar for å erstatta den manglande morsfiguren. Byen står som ramme rundt forteljinga, som rører ved emne som depresjon, angst, framandgjering og avmakt - men òg empati, menneskeleggjering og ein liten kjerne av von.

Det vert gjestelesing ved Fredrik Stenhjem Hagen og Sunniva Vagstad.

Boksalg og signering etter arrangementet.

Gratis

Husnytt